Har du ikkje moglegheit til å delta fysisk på Digital kafé? Ikkje noko problem! På dei fleste av arrangementa våre kan du delta digitalt. Det einaste du treng er internett og noko å sjå arrangementet på, til dømes ein smarttelefon, eit nettbrett eller ein pc. I denne artikkelen viser vi deg korleis du deltek på digitalt på digital kafé.
For å delta på eit digitalt arrangement, trykker du berre på knappen «digital kafé» øvst i menyen, eller knappen «delta digitalt!» i kalendaren. Når du kjem inn på sida, vil den sjå ca. slik ut:

For å sjå sendinga trykker på den firkanta knappen med ein trekant inni seg (markert med raud ring på biletet). Sendinga vil da byrje automatisk når digital kafé startar.
Last ned denne artikkelen: