På nett kan ein finne mange nyttige ressursar. I denne artikkelen vil vi liste opp nettstader der ein kan lære meir om mange ulike tema som er aktuelle for deg som er ny brukar av teknologi. Den blå teksten i denne artikkelen er lenker. Du kan trykke på dei for å komme direkte til nettstaden som står i teksten.
Nettvett.no
Nettvett.no er ei side laga i samarbeid mellom Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS), Nasjonal sikkerhetsmyndighet, og Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (NKOM). På denne nettstaden kan du finne både artiklar og kurs om korleis ein ferdast trygt på internett. Dei har og mange veiledningar som kan vere verdt å sjekke ut. Dei har blant anna eit eige kurs i digital sikkerheit for seniorar.
Seniornett.no
Seniornett er ein frivillig, ideell og partipolitisk uavhengig organisasjon med formål å styrke digital kompetanse hjå seniorar. Seniornetts mål er vidare å skape arenaer der seniorar kan auke sine digitale kunnskapar og ferdigheiter for å meistre digitale verktøy og tjenestar i kvardagen. Seniornett har mange nyttige artiklar og veiledningar for deg som vil lære meir om digitale verktøy. Du må vere medlem hjå seniornett for å bruke artiklane deira.
Slettmeg.no
På slettmeg.no finn du veiledningar på korleis du slettar brukarkontoar på nett. Nettsida er oppretta av Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS).
Nettkunnskap.no
På nettkunnskap.no har dei ulike kurs i grunnleggande bruk av internett
Nettbanksimulering
I nettbanksimulatoren kan du øve på å logge inn i nettbank, betale rekningar, overføre til eige kontoar og liknande, utan at du faktisk brukar nettbanken. Ingen informasjon du skriv inn blir lagra og du kan bruke fiktive tal og nummer, berre for å øve. Nettbanksimulatoren er laga av direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Last ned denne artikkelen: