Kva er ein DigiVert?

Bilde av to eldre mennesker i en sofa som ser på et nettbrett sammen

Ein DigiVerter ein frivillig som vil hjelpe andre med digitale utfordringar i kvardagen. Desse problema kan variere stort, men kan vere til dømes å hjelpe nokon med å laste ned ein app, sende og motta e-post, kjøre ei oppdatering på datamaskin, telefon eller nettbrett, opprette ein brukar på ein nettstad eller liknande. DigiVertane kan vere tilgjengelege på den lokale frivilligsentralen ein eller to gongar i månaden og dermed skape eit drop-in tilbod for dei som treng det.

Kva kompetanse må ein DigiVert ha?

Vi ynskjer at ein DigiVert skal ha grunnleggande kunnskapar om data, smarttelefonog nettbrett.Kanskje har du brukt desse verktøya i tidlegare arbeid eller er ein aktivbrukar på fritida. Du treng ikkje å ha omfattande kunnskap, men det er viktig at duveit korleis du navigerer deg på dei ulike verktøya og har ei interesse for det. Du måvereglad i å hjelpe andre.

Eg vil bli DigiVert

Vi treng alltid fleire frivillige som vil hjelpe med data og teknologi! Om du ynskjer å bli DigiVert kan du kontakte din lokale Frivilligsentral eller ta kontakt med oss på telefon 902 17 268 (kvardagar mellom 09-15) eller e-post: kontakt@digivert.no



Last ned denne artikkelen:


Print Friendly, PDF & Email
DigiVert logo

Kontakt oss!

kontakt@digivert.no

tlf: 902 17 268

DigiVert

Frivilligsentralane i Nord-Gudbrandsdal

Dovre - Sel - Vågå - Lom - Skjåk