DigiVert

I Noreg lev meir enn 600 000 menneske i digitalt utanforskap. Gjennom prosjektet DigiVert og Digital kafé skal frivilligsentralane i Nord-Gudbrandsdal hjelpe dei eldre med å heve den digitale kompetansa.

Frivilligsentralane i Dovre, Sel, Vågå, Lom og Skjåk gjekk i 2021 inn i eit samarbeidsprosjekt med mål om å auke den digitale kompetansa hjå eldre. Resultatet frå dette samarbeidet vart DigiVert og Digital kafé. I prosjektet vil eldre få hjelp til små og store digitale utfordringar i kvardagen gjennom tilbod på Frivilligsentralen. 

Ein DigiVert er ein frivillig som ynskjer å hjelpe andre med digitale utfordringar i kvardagen. Ved faste dagar og tidspunkt sit DigiVertane klare på din lokale Frivilligsentral for å hjelpe deg med dei digitale utfordringane du måtte ha. Ein DigiVert vil ikkje erstatte hjelp frå fagfolk, men kan fungere som ei digital fyrstehjelp. DigiVert er eit lågterskelltilbod, så her kan du komme med dei utfordringane du har, om det så er å bytte batteri i ein fjernkontroll, laste ned ein app til telefon, eller noko heilt anna. 

Kunne du tenke deg å bli DigiVert? Ta kontakt med oss i kontaktskjemaet under, eller stikk innom på din nærmaste frivilligsentral.

Når er DigiVertane tilgjengelege?

DigiVertane er tilgjengelege på ulike tidspunkt på dei forskjellige Frivilligsentralane. Sjå i tabellen under for å sjå når dei er tilgjengelege på din Frivilligsentral.

Stad Tidspunkt
Dovre

Onsdag og torsdag

kl.10.00 – 12.00

Sel Tidspunkt kjem
Vågå

Tysdag og fredag, 2.veka i kvar månad

Kl.11.30-12.10

Lom

Onsdag

Kl.11.00

Skjåk Tidspunkt kjem

Vil du bli DigiVert?

Vi treng alltid fleire frivillige. Ta kontakt med din lokale Frivilligsentral eller bruk kontaktskjemaet under.

3 + 12 =

DigiVert logo

Kontakt oss!

kontakt@digivert.no

tlf: 902 17 268

DigiVert

Frivilligsentralane i Nord-Gudbrandsdal

Dovre - Sel - Vågå - Lom - Skjåk