Kommande arrangement

Juni

Korleis få ein tryggare kvardag som heimebuande eldre?

Hannah Kjendlie frå HelseINN og Åshild Sæther Engen frå Elverum kommune kjem til digital kafé for å snakke om grep ein kan gjere for å få ein tryggare kvardag som heimebuande eldre. Kva kan kommuna bistå med og kva bør den enkelte innbyggjar tenke på? Dei vil ta for seg typiske saker som fall, utryggheit og einsemd, samt ulike hjelpemiddel og tryggleiksteknologiar ein kan bruke i kvardagen.

    Foredraget er gratis, ingen påmelding nødvendig.

    Torsdag 16.juni
    Kl.14.00 -15.30

    Arrangementet blir vist på storskjerm i Dovre, Sel, Vågå, Lom og Skjåk.

    Digital kafé tek sommarferie frå 16.juni, men er tilbake etter sommaren! Følg med her på digivert.no og på din lokale frivilligsentral for meir informasjon.  Vi ynskjer alle ein god sommar!

    DigiVert logo

    Kontakt oss!

    kontakt@digivert.no

    tlf: 902 17 268

    DigiVert

    Frivilligsentralane i Nord-Gudbrandsdal

    Dovre - Sel - Vågå - Lom - Skjåk